Undredal

Unike opplevingar i fjordlandskapet

  • Bygdevandring i Undredal

    Ei vandring i den vetle spesielle bygda ved Sognefjorden vil gi deg eit innblikk i korleis det var og bu ved fjorden i gamle dagar. Turen går også innom Nord-Europas eldste og minste stavkyrkje som framleis er i aktiv bruk. Tidsbruk ca. ein time.

    Ta kontakt for meir informasjon

    +47 909 48 660

    Bygdevandring i Undredal
  • Guida tur til ein av høgfjellsgardane.

    Undredal er omringa av gamle høgfjellsgardar som Nedberge, Stigen og Horten. Vi kan tilby guida fottur til Nedberge og Stigen, som begge har ei svært dramatisk og spesiell historie. Tidsbruk mellom 5 og 8 timar. Turen inneheld også ein vakker reise på fjorden. Vi avsluttar dagen med nydeleg mat, kultur og underhaldning i vakre Hansaløa.

    Ta kontakt for meir informasjon

    +47 909 48 660

    Tur til høgfjellsgard i Undredal
  • Vi skreddarsyr ditt arrangement etter din ynskjer.

    Hansagarden tillbyr alle typar private arrangement. Restaurant Hansaløa har alle rettigheter. Vår spesialitet er ein 3-retter, alt med lokale råvare frå Undredal. Hansaløa kan ta opp til 30 gjester, og tilby dykk ei heilt spesiell matoppleving.

    Ta kontakt for meir informasjon

    +47 909 48 660

    Skreddersydde opplevelser i Undredal

Opplev magien i bygda

“Ein smak av Undredal”

Omvisning i Undredal | Kyrkjebesøk | Ostesmaking | Tre-rettars middag

Start dagen med ein tur i Undredal sin ville, urørte og nydelege natur. Eit besøk til ein av dei mange høgfjelsgardane som omkransar bygda inkludert ein båttur på vakre Sognefjorden. Allereie no forstår du kvifor bygda er ein del av UNESCO sin verdensarv. Turen tek deg også innom den vetle, vakre stavkyrkja bygda er kjent for.

Kyrkja er Nord Europas minste og eldste som framleis er i bruk, bygd i 1147.

Men Undredal er kjend for meir. Her finn du ekte geitost som fleire gonger er kåra til verdens beste ost. På turen vil du få ei innføring i historia til osten og smaking av osten er også sjølvsagt ein del av programmet.

Ei vandring i Undredal med lokal historie vert det også tid til. Dagen vert avslutta med 3-retters middag med råvarer henta frå bygda. Måltidet vert servert i løa på garden, ein av dei eldste byggningane i Undredal bygd ca. 1880. Under måltidet vil du høyre ein prolog med enkle musikkinnslag om korleis det var å vekse opp i ei veglaus bygd.  

Undredal stavkyrkje

I Undredal finn du Nord-Europas eldste og minste stavkyrkje som framleis er i bruk. Kyrkja er bygd i 1147 og er ei lita perle i bygda.

Undredal Kyrkje