Velkommen til Hansagarden i Undredal.

Ei perle i UNESCO sitt norske fjordlandskap.

Private opplevingar, komfortabel overnatting, guida turar, historie og lokal kultur i ei av dei mest autentiske fjordbygdene i Norge.

Og du..Hansagarden ligg 10 minuttar med bil frå Flåm.

Overnatting & Oppleving

Undredal er ei av dei vakreste og mest autentiske fjordbygder langs Sognefjorden. Her finn du Hansagarden, eit stille og privat tun for deg og ditt reisefølge. Me på Hansagarden tilbyr fleire flotte opplevingar, lokale mat i den nydelege og gamle Hansaløa, og overnatting i sentrum av det vakre fjordlandskapet.

Planlagde arrangement!

Arrangement på Hansagarden skal vere spennande, fulle av opplevingar og eit minne for livet. Det kan være flotte matopplevingar i vakre Hansaløa med lokal historie, ein prolog om korleis det var å vekse opp i bygda med enkle musikkinnslag, guida turar i det vakre landskapet, bygdevandringer, tur på fjorden, tur til ein av høgfjelsgardane som omkransar bygda eller du kan lage eit arrangement som du og ditt reisefølge har lyst til å oppleve.

Me tilbyr

  • Overnatting

    Bu komfortabelt der det moderne møter det autentiske. På Hansagarden bur du sentralt og privat midt i den vakre fjordbygda Undredal. Du kan og bu på Langhusa, ein ekte og aktiv sommarseter der geiter går og beiter utanfor hytta.

  • Kulturopplevingar Undredal

    Kulturopplevingar

    Få ei omvisning og historiefortelling i Undredal. Bygda er lita og vakker, men innheld overraskande mykje kulturarv. Besøk ei verdenskjent kyrkje og ein osteproduksjon me er stolte av.

  • Unike matopplevingar i Undredal

    Unike matopplevingar

    Bur du på Hansagarden kan du få ei unik matoppleving heilt for deg sjøl i Hansaløa. Her dekker med på og serverer lokal mat og drikke i heilt unike omgivnader. Ei oppleving du seint gløymer.

  • Private musikkopplevingar

    Musikkopplevingar

    Norsk fjordlandskap er rikt på kultur og lokale høgdepunkt. Etter ynskje kan me arrangere musikkinnslag eller intimkonsertar i Hansaløa - kombinert med god mat og drikke. Musikken i Hansagarden har ein spesiell historie.

Nyt fjordlandskapet

I ei lita bygd som Undredal kjem du tett på fjordlandskapet og den lokale kulturen. Bu komfortabelt og privat, med mulighet for heilt spesielle mat- og kulturopplevingar berre for deg og ditt reisefølge.

60 fastbuande

Bygda Undredal er ein liten, tett landsby ved fjorden som har eit særeigent bygningsmiljø og gamle garder. Bygda har berre 60 fastbuande om ein ikkje tel med geitene…

Undredal er kjent for sin ekte geitost som fleire gonger er kåra som verdens beste ost.

Bygda er også kjent for Undredal Stavkyrkje, Nord-Europas eldste og minste stavkyrkje som framleis er i bruk. Kyrkja er bygd i 1147.