Hansaløa

Hansaløa er hjerta i den kulinariske opplevinga på garden. Løe er bygd i 1880, og er ein av dei eldste byggningane i Undredal. Løa er heilt spesiell med ein magisk atmosfære som må opplevast. Vi kan opna løa kun for deg og ditt reisefølgje, servere lokal kortreist mat krydra med lokal historie og spennande forteljingar om bygda og korleis det var å bu her før og nå. Alt dette i lag med einkle akkustisk musikkinnslag.

Di eiga matoppleving

Ei matoppleving er mykje meir enn berre nydeleg mat. Stemninga og atmosfæren er viktig for at måltidet skal bli ei oppleving.

I Hansaløa kan du nyte ein 3-rettars middag der alt av råvarer er henta frå Undredal. I tillegg kan du få med deg spennande historier og ein prolog med enkle akustiske musikkinnslag om korleis det var å bu i ei veglaus lita bygd på Vestlandet.