Vi startar dagen med ein tur i Undredal sin ville, urørte og nydelege natur. Allereie no forstår du kvifor bygda er ein del av UNESCO sin verdensarv. Den fortsette med besøk i den vetle, vakre stavkyrkja bygda er kjent for. Kyrkja er Nord Europas minste og eldste som framleis er i bruk, bygd i 1147. Bygda er og kjent for sin ekte geitost som fleire gonger er kåra som Norges beste ost. Orientering og smaking av osten er også sjølvsagt ein del av programmet. Ei vandring i bygda med lokal historie vert det også tid til. Dagen vert avslutta med ein tre-retters middag med råvare henta frå nærområdet. Måltidet vert servert i løa på garden, bygd ca. 1880. Under måltidet vil du høyre ein prolog med enkle musikkinnslag om korleis det var å vekse opp i ei veglaus bygd
I tillegg kan Hansagarden skreddersy aller typer private arrangement, som t.d julebord og jubileum.
Bestilling eller orientering om arrangementet:
birger.nedberge@gmail.com
Tlf. 909 48 660.
Stemningsbilde frå Undredal
I nærleiken av Undredal finnast mange spanande mogelegheiter.
Har du lyst til å reise med Flåmsbana, sykle Rallarvegen eller ta ein fottur i Aurlandsdalen? Nyte utsikta på Stegasteinen, padle på Nerøyfjorden eller utfordra deg sjøl i Noregs lengste zip-line?
Då er du komen til rett plass!
Bestilling eller orientering:
birger.nedberge@gmail.com
Tlf. 909 48 660.